Du benytter en eldre versjon av Internet Explorer. For optimal brukeropplevelse anbefaler vi deg å oppgradere til en nyere versjon eller bytte nettleser.
  ressurs   Lydfiler og musikk   MP3   Gubben og gamla

Gubben og gamla

Gubben og gamla låg og drog,
og ikkje fekk opp rota.
Men hadde vi hatt han Einball her,
så hadde vi fått opp rota.

Og Einball kom, og Einball drog,
og Einball og gubben og gamla låg og drog,
og ikkje fekk opp rota.

Gubben og gamla låg og drog,
og ikkje fekk opp rota.
Men hadde vi hatt han Toball her,
så hadde vi fått opp rota.

Og Toball kom og Toball drog,
og Toball og Einball
og gubben og gamla låg og drog,
og ikkje fekk opp rota.

Fortsett så lenge dere orker, og syng siste linje slik: … Og så fekk dei opp rota!